Forlagets beskrivelse
Vinner av P2-lytternes romanpris 2013
TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar.
Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis?
I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?
"Romanen sitter igjen som en elektrisk ladning under huden" Thea Urdal, Dagsavisen
" ...dirrer av nerve, spenning og overskudd ... om to mennesker, som bare vil bli funnet, og elsket" Terningkast 6! Linda Klakken, Natt & Dag
Flere bøker av Agnes Ravatn
Liknende bøker
Anmelde boken
Skriv en anmeldelse, og del dine synspunkter med andre. Prøv å fokusere på bokens innhold. Les våre instruksjoner for mer informasjon.
Fugletribunalet
Bokanmeldelser » Fugletribunalet
|
|
|
|
|
|
|